Varanger Natur- og Kulturpark – Landskapsressursanalyse

Grunnlagsrapport for stadutvikling og opplevingsbasert verdiskaping

Kvar Varanger. Nesseby, Båtsfjord, Vardø og Vadsø kommune
Kva Landskapsressursanalyse – Del av Forstudie for Varanger som regionalpark
Når 2013-2014
Oppdragsgivar Varanger Næringssenter

Bilde01

Bilde04

Kort om prosjektet

Denne rapporten er ein del av ei forstudie for Varanger som regionalpark

Forstudiet har etablering av ein natur-  og kulturpak som hovudmål . Parken skal være plattform for samarbeid om natur-  og kulturbasert stad- næringsutvikling i Varanger. 29. november 2013 var 14 kunnskapsrike og engasjerte deltakarar samla på Varanger samiske museum.  Alle var med for å bidrage til ei forståing av Varangerområdet,   og kva ressursar her  er viktige som grunnlag for regional ut­vikling, og korleis vise variasjonar innanfor dei fire kommunane Nesseby, Båtsfjord, Vardø og Vadsø. Kunnskapstilfan­get som vart dokumentert på verkstaden er stort, men ikkje representativt for heile  Varangerhalvøya. Materialet viser likevel slik breidde at det er egna som utgangs­punkt for denne rapporten og som grunnlag for ein strategiplan  med tanke på  å aktivisere ressursar i ein regionalparkprosess.

Verkstaden hadde fokus på å synliggjere og skildre variasjon og særpreg i  Varanger-landskapet på eit overordna nivå. Samstundes vart mykje lokalkunnskap også stadfes­ta på kart. Dette kan knytast  opp mot områdevise landskapsskildringar og strategiar for å utvikle stadbaserte natur- og kulturressursar.

Munnleg forteljartradisjon har ein sterk posisjon i alle kulturtradisjonane som er represen­tert i Varanger, men med særleg tidsdjupne i den samiske kulturen. Også dette verdifulle materialet er trekt inn i denne rapporten, for å synleggjere og legge vekt på  dei immateri­elle ressursane som ikkje nødvendigvis let seg stadfeste.