Urnes stavkyrkje i Luster

plan for besøksforvaltning og formidling

Kvar Luster kommune, Sogn og Fjordane
Kva Besøksforvaltning og formidlings plan
Når 10.06.2014
Oppdragsgivar Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane

Urnes - Eventuelle tiltak på parkeringsplass

URNES - Utvikling av stiar og rasteplassar

 

Kort om prosjektet

Fortidsminneforeninga i Sogn og Fjordane er eigar og dagleg forvaltar av UNESCO-objektet Urnes stavkyr­kje. Det er eit felles ønskje frå Luster kommune og Fortidsminneforeninga om å gjere seg i stand til å ta­kle den aukande besøksmengda kring verdsarvstaden Urnes stavkyrkje på ein god måte. Verdsarvstader er blant dei mest besøkte turistattraksjonane og opple­ver ei aukande mengd besøk. For Urnes sin del gjer m.a. cruisekaia i Skjolden at det allereie er ei jamn auke i besøkstala til stavkyrkja, noko som venteleg vil akselerere ytterlegare i løpet av få år.

Resultatet var rådgiving i forhold til konkrete tiltak på internett, i fjordane og under besøket. Blant de verktøya som var anbefalt å bruka vart ”stadformidling” (cultur/nature interpretation) til å betre informasjonen som er gitt til gjestene ute i landskapet. Vi utarbeide blant anna skisser i forhold til lokalisering av mulige nye stiar, rasteplassar og informasjon punkter.