Parkplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark

plan for besøksforvaltning og formidling

Kvar Aurland, Vik, Lærdal og Voss kommune, Sogn og Fjordane
Kva Parkplan for Nærøyfjorden verdsarvpark og revisjon av planet
Når 2009 og 2014
Oppdragsgivar Nærøyfjorden Verdsarvpark

bilde 1

bilde2

 

Kort om prosjektet

Aurland Naturverkstad har vore aktive i utvikling av konseptet for lokale og regionale parkar i Noreg. Regionalpark er eit utviklingsverktøy og ein samarbeidsplattform for lokalbefolkninga innan ein region og skil seg ut frå nasjonalparkar som er lovbestemte verneområder.

Parkplanen for Nærøyfjorden Verdsarvpark er ein langsiktig strategi- og handlingsplan som skal fungere som eit styringsdokument. Arbeidet med Parkplanen har vore delt inn i to fasar. Fase ein romma utarbeiding av eit utkast som vart sendt ut til ope gjennomsyn og innspel sommaren 2009. Arbeidsmøte i bygdene og eit påfølgjande ope arbeidsmøte vart gjennomført i avslutninga av innspelsfasen. Fase to av arbeidet har vore eit fagleg arbeid der innspela vart evaluert og innarbeidd i planen.

Vi har vore på oppdrag frå fleire ulike parkar i landet, t.d. Telemarkskanalen Regionalpark, Finnskogen natur og kulturpark, og har god kompetanse på parkprosess og moglegheitsstudie, strategiutvikling og parkplanlegging, samt forvaltings- og formidlingsarbeid med fokus på verdiskaping.