Gjestestova Undredal

Utstilling av livet i Undredal knytt til verdsarven

Kvar Undredal Aurland Kommune, Sogn og Fjordane
Kva design av utstillingslokale
Når 2015
Oppdragsgivar Undredal Grendalag

utstilling

plansje

 

Kort om prosjektet

Som ein del av formidlingsplanen for Nærøyfjorden verdsarvpark har vi vore med på å etablera eit verdsarvhus i Undredal, knytta til Gjestesova i sentrum.
Målet med verdsarvhusa er å synleggjere den lokale geologien som ein del av verdsarvområdet. Samstundes skal utstillinga kopla den lokale kulturen i det store landskapet.
Vi har saman med grendalaget, verdsarvparken og dei lokale samla inn informasjon, bilete, reiskap og artiklar som til saman fortel Undredal si historie i det geologiske landskapet.
Utstillinga vil såleis vere eit dynamisk bidrag som dei lokale har eigarskap til.
20 August 2015 var den offisielle opninga for verdsarvhuset med besøk frå mellom anna Glacier Bay National park og UNESCO område, og utstillinga vart opna av Fanny Douvere, leiar for verdsarvsenteret i Paris.