Planstrategi og stadutvikling

Arealplan, reguleringsplan, by- og tettstadutvikling

image-planstrategi

Vi har fokus på heilskapen i planarbeidet. Overordna planar legg sterke føringar for utvikling av næring og utbygging. Vi ser på planprosessen og medverknad frå innbyggjarar og interessergrupper samt dialogen med kommunal, statleg og fylkeskommunal myndigheit som viktig. God kommunikasjon og medverknad gjennom opne møte og prosessar mellom alle involverte partar står difor sentralt.

Stadutvikling tek utgangspunkt i identiteten til staden og har ofte som målsetning å styrke dette særpreget. Når oppfattinga om staden sin identitet er klarlagt, vil det i det vidare vere mogleg å kommunisere dette til omverda, og på den måten bygge omdømmet til staden. Ved bevisst framheving av identiteten til staden vert attraksjonsverdien auka.

For å identifisere særpreget på staden gjer vi ofte analyser av stadkjensla. Stadkjensle er fritt oversett frå det engelske konseptet «sense of place». Det kan definerast som summen av opplevinga av landskap, natur, kulturarv, folk, lyder, smaker, minne og mykje meir som former forholdet vårt til eit sted. Stadkjensle er opplevinga av eit område som er spesielt og annleis enn andre område.