Forvalting og formidling

Nasjonal- & regionalpark, natur- og kulturpark, forvaltingsplanar, stadformidling

image-forvalting

God natur- og kulturforvalting føreset god kunnskap om kva ein skal forvalte og korleis dette kan løysast på best mogleg måte. Aurland Naturverkstad sine tilsette sit med denne fagkunnskapen.
Vi utarbeider planar i samband med forvaltning av verneområde og andre område med natur- og/eller kulturverdiar, og finn oss sjølve ofte som eit viktig ledd mellom forvaltingsinstansar og lokalsamfunn. Forvaltings- og skjøtselsplanar er verkemiddel til å oppnå ei nyansert og teneleg forvalting av natur- og kulturarv. Vi løyser forvaltingsoppdrag i både verdsarvområde med internasjonale verdiar, nasjonale verneområde og område og objekt som er verdifulle i lokal samanheng.

I arbeidet med formidling av natur- og kulturverdiar jobbar vi etter prinsippa frå det engelske fagområdet Heritage Interpretation. Vi har valt å kalle dette for stadformidling. Ein grunn til å nytte oss til hjelp med di formidling er at du ønskjer å betre folk si oppleving av din stad og dermed styrke grunnlaget for næring og omdømmebygging.

Aurland naturverkstad har vore aktive i utvikling av konseptet for lokale og regionale parkar i Norge. Parkane representerer ein ny måte å arbeide med lokalsamfunnsutvikling, næringsutvikling og verdiskaping, og skil seg vesentleg frå t.d. nasjonalparkar ved si breie og meir integrerte tilnærming. Målet med lokale og regionale parkar er å skape balanse mellom ivaretaking av natur- og kulturverdiar og samstundes møte behova til lokalbefolkninga gjennom berekraftig utvikling. Aurland Naturverkstad arbeider på oppdrag frå fleire ulike parkar i landet og har god kompetanse på parkprosess og moglegheitsstudie, strategiutvikling og parkplanlegging, samt forvaltings- og formidlingsarbeid med fokus på verdiskaping.