Analyse

Landskapsanalyse, landskapsressursanalyse, stadanalyse

image-analyse

Landskapsanalyser er eit godt eigna grunnlag i dei fleste planleggingsprosessar, og vert nytta både i kommunalt planarbeid, stadutvikling, og i samband med dokumentasjon av natur og landskapsverdiar i til dømes verneområde. I stadutvikling og områdeprosjekt har landskapsanalyse vore eit nyttig verkemiddel som grunnlag for ulike tiltaksplanar. Fleire kommunar nyttar no landskapsanalyser som grunnlag for utarbeiding av kommuneplanar.

I Aurland Naturverkstad har vi spesialisert oss på landskapsanalyser for ulike formål, både på stadnivå, lokalt og regionalt nivå. Ein landskapsressursanalyse bygger på vel utprøvde teknikkar for både landskapsanalyse, intervju og dialogprosesser med lokalbefolkning og andre aktuelle brukarar. Vårt bidrag er å sy dette saman til en målretta framgangsmåte for å kunne identifisere moglege stadbaserte ressursar til bruk i vidareutvikling av gode og verdiskapingsprosjekter.