Verdiskaping
Det å sjå på sjølve landskapet som ein ressurs og grunnlag for verdiskaping er ei relativt ny røynsle, sjølv om attraktive landskap har vore selt til turistane i generasjonar. Dei siste fem til ti åra har landskapet i aukande grad blitt trekt meir aktivt inn i bygde- og næringsutviklingsstrategiar.
Dette heng saman med framveksten av ein opplevings- og innlevingsøkonomi som reaksjon mot ein stadig sterkare globalisering av varer, tankar og handlingsmønster. Folk søkjer identitet, sanning og nærleik til landskapet, både i dagliglivet og i rekreasjonssamanheng. Dette gjev høve for auka verdiskaping for norske bygder og regionar.
På bakgrunn av dette er det difor behov for å kople kunnskap om landskap og potensiale for verdiskaping, med lokale utviklingsstrategiar. Som ei fleirfagleg bedrift med fokus på heilskap kan Aurland Naturverkstad medverke til dette viktige arbeidet på ein heilt spesiell måte.

Restaurering på Almen i Aurlandsdalen
Døme på prosjekt retta mot verdiskaping:
Landskapspleie med beitedyr, kopla med produktutvikling på kjøtt og ull.
Fylkesmannen i Hordaland og Hordaland Fylkeskommune. Kasjmirgeit; forprosjekt om ammegeit og kasjmirull.
Restaurering og skjøtsel som verdiskapande aktivitet.
Skjøtselsplan for Engi i Fresvik, 2006.
Skjøtselsplan for Flåmsdalen i Aurland 2008.
Flåm Utvikling AS og Aurland kommune. Landskapspleie i Flåmsdalen – treårig skjøtselsprosjekt med geit som landskapspleiar. Rapportar: Verdiskapande geitehald i Flåmsdalen; Årsrapportar for 2000, 2001 og 2002.
Rapport: Kasjmirgeit. Ny produktutvikling og verdiskaping basert på ull, kjøt og landskaps-pleie. Forprosjektrapport, Aurland Naturverkstad og Noregs landbrukshøgskole, institutt for husdyrfag 2002
