Viltkartlegging

Viltkartlegging er ein del av naturkartlegginga som det siste tiåret er gjeve mindre merksemd enn naturkartlegging basert på vegetasjon (naturtypar). I arbeid med KU er kunnskap om viltet ein viktig del av vurderingsgrunnlaget. Kartlegging av dyreliv fekk i verneplan for Hallingskarvet eit så stort fokus at det vart utarbeidd eigen rapport om temaet. Her vart alt dyreliv innlemma, også tilgjengeleg stoff om ferskvassorganismar og virvellause dyr. Ofte vert handsaminga av vilt ein del av ein samla rapport som dokumenterer naturverdiar i eit område. For oss er det sjølvsagt at vilt er inkludert i arbeid med naturkartlegging. Aurland Naturverkstad har og kompetansen og erfaringa som trengs for å utarbeide kommunale vilt rapportar.

Padde ved næringsrik kulturlandskapssjø, naturtypesamling i Flora juni 2007

Referanseprosjekt:

Fylkesmannen i Buskerud. Verneplan for Hallingskarvet. Deltema: Dyreliv. Aurland Naturverkstad, rapport nr. 7 / 2003.

Sjå elles referansar under «Biologisk mangfald».

Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no