Biologisk mangfald

Kartlegging av biologisk mangfald kan være svært omfattande. Alt levande vi har kring oss er ein del av det biologiske mangfaldet. Folk flest bind saman uttrykket med verdifulle naturtypar (sjå naturtypar) og raudlisteartar. Me set ordet i samanheng med naturvern og arbeid med verneplanar, og med konsekvensutgreiingar (KU) for arealplanar og planar om tekniske naturinngrep som kraftutbygging, vegar osb. Konsekvensar og vurdering av ulike alternativ med omsyn til «biologisk mangfald» er svært viktig i KU samanheng.

Aurland Naturverkstad arbeider med dokumentasjon av verneverdiar i samband med planar for nasjonalt vern. Her er dokumentasjon av biologisk mangfald svært viktig. Som regel vil ein finne fleire område som har naturtypar vurdert som svært verdifulle (DN handbok 13) i eit område føreslege for vern.

Arbeidet handlar ikkje berre om å leite etter lokalitetar med raudlisteartar, men også å gje eit bilete på kva for natur som er typisk og representativ for eit område, og ei skildring av kva naturtypar og ulike økosystem ein finn innanfor verneområdet. Særeigen natur kan og ha svært store verdiar sjølv om du ikkje finn han direkte representert i ein offisiell rettleiar. Både litteratursøk, feltarbeid og kontakt med lokale informantar er viktig.

Nattfiol i naturbeitemark, Stigen, Nærøyfjorden Verdsarvområde juni 2007.

Referanseprosjekt:

Norconsult. RV 609, Dalsfjordsambandet; Deltemautgreiing: Naturmiljø og naturressursar. Aurland Naturverkstad rapport nr. 1 / 2007.

Voss prosjektutvikling. Kommunedelplan for Bavallen, Voss kommune. Fagrapport: Naturmiljø og naturressursar. Aurland Naturverkstad, rapport nr. 6 / 2007.

Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no