Naturkartlegging

I arbeid med natur- og kulturlandskapsforvalting er det viktig å ha kunnskap om kva ein skal forvalte. Det er og naudsynt med biologisk registrering i samband med naturinngrep, for å avklare om her finns natur som krev særskilt omsyn eller ikkje.

Planar for vern og for større inngrep stiller krav til omfattande dokumentasjon av verneverdi og bruksverdi. Natur- og kulturarv har i vekslande grad verneverdi i seg sjølv, men er og viktige ressursar for oppleving, rekreasjon og næring som til dømes reiseliv. Aurland Naturverkstad har røynsle med både rein naturregistrering og oppgåver knytt til forvaltning.

Bygging av småkraftverk i mindre elvar aukar stadig. Olje- og energidepartementet saman med Miljøverndepartementet avgjorde i februar 2003 at det skal krevjast fagleg undersøking i høve til biologisk mangfald, i samband med handsaming av søknadar om småkraftverk. Me gjennomfører slike undersøkingar etter NVE og DN sin rettleiar.

Naturkartlegging Stigen. Nærøyfjorden Verdsarvområde juni 2007.

Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no