Romlig landskapskartlegging
Når ein ferdast gjennom eit landskap opplever ein korleis det gradvis skiftar karakter. Ein kan vandra gjennom store opne fjellandskap med vidt utsyn, for deretter å komma ned i tronge dalar og fjordar kor markante landformer rammar inn landskapet. Kjensla av skalaen og dimensjonane i landskapet varierar gjennom heile landet vårt, og bidreg sterkt til korleis ein identifiserar og opplever dei ulike landskap. Ved bruk av romlig landskapskartlegging tek ein utgangspunkt i ei romlig inndeling av landskapet. Landskapet blir definert etter landskapsromma si utstrekning og dannar grunnlag for ei vidare klassifisering av landskapstypar.
Kriteria for ei type inndeling er den romlige oppleving landskapet gir. Ein landskapstype er sett saman av områder med «lik» rom oppleving. I ein landskapstype kor dalen utgjer landskapets hovudform, vil hovud trekket i dalen; djup og bratt eller brei og slak, vere avgjerande for korleis landskapsrommet oppfattast.

Landskapstypekartlegging i Hordaland fylke. 2007.
