Nasjonalt Referansesystem
Referansesystemet for landskap deler Noreg inn i 45 landskaps regionar basert på fellestrekk i landskapet (Norsk institutt for skog og landskap). Kvar region har sin særeigne landskapskarakter basert på ulik samansetning av seks grunnleggjande landskapskomponentar:
- landskapets hovudform
- landskapets småformer
- vatn og vassdrag
- vegetasjon
- jordbruksmark
- busetnad og tekniske anlegg
Kvar landskapsregion er beskrive og kartfesta. Landskapsregionane er inndelt i 444 underregionar, som også er kartfesta, men ikkje beskrive. Med hovudvekt på jordbruk er landskapsregionane i tillegg grupert inn i 10 jordbruksregionar. Til saman dannar dette eit hierarkisk nasjonalt referansesystem for landskap.
Referansesystemet er ein nyttig reiskap for å oppnå ein best mogleg og heilskapleg forvaltning av landskapet, mellom anna ved å gje kunnskap om regionale særtrekk og kva som er typisk for ulike delar av Noreg. http://www.skogoglandskap.no/kart/landskapskart

Landskapsregionar i Hordaland
