Lokal forvaltning av nasjonale verdiar

Forvalting av nasjonale verdiar er viktige lokale tema. I nokre tilfelle tek lokalsamfunna på seg eit stort forvaltaransvar og får tillit frå regionalt og nasjonalt hald. I dei tilfellea ein får til gode lokale planar kring desse oppgåvene unngår ein gjerne dei største konfliktane mellom brukarinteresser og verneinteresser som i verste fall forringar verdiane.

Kulturminne, tilgjenge for allmenta. Hopperstad stavkyrkje i Vik, sentral i reguleringsplan for Hopperstad – Hove.

Slike lokale planar for ivaretaking av verdiane er tilpassa lokalsamfunnet på ein betre måte, og ein får ei meir positiv innstilling til verneobjekta eller verdiane i naturområdet hjå dei som har dei kring seg i det daglege. Dette gjer og at ein vil kunne løyse konfliktar på ein betre måte både av omsynet til verna objekt, verdifull natur og til grunneigarar og lokalsamfunn.

Referanseoppdrag:

Vik kommune. Reguleringsplan for Hopperstad – Hove i Vik. Døme på kommunale grep for nasjonalt kulturminnevern. Rapport: Under utarbeiding.

Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Forvaltningsplan for kvernsteinsbrota i Hyllestad. Rapport: Under utarbeiding

Villreinutvalet for Nordfjella villreinområde. Oppdrag: Involvering i det interkommunale samarbeidet kring Kommunedelplan for villrein i Nordfjella – Hardangervidda villreinområde 2000 – 2001.

Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no