Forvaltningsplanar
Landskap og samanheng mellom naturgjevne tilhøve og kulturpåverknad er eit viktig arbeidsfelt for Aurland Naturverkstad. Natur og kulturmiljø representerar verdiar som i nokre tilfelle er umistelege. Samstundes har menneska og ein naturleg plass i landskapet. Me ser det som viktig å arbeide for løysingar som kan bringe menneske og landskap i eit godt samspel.
For å få til ei god og stabil forvalting av kulturminne og naturvernområde kan forvaltingsplanar vere ein god reiskap.
Utfordringar i forvaltingsplanar for verna natur er å finne ein balanse mellom moglegheita for oppleving eller det å kunne nytte ressursar i området som ikkje er gjenstand for vern, utan å skade dei verdiane som ligg til grunn for vernet! Det å gje moglegheita til å oppleve unike kulturminne, kulturmiljø og unik natur er i ein del tilfelle eit delmål for vernet. I andre tilfelle kan stort press frå menneskeleg aktivitet være nett det vernet skal skydde mot. Aurland Naturverkstad sin naturfagskompetanse, i kombinasjon med erfaringar i å arbeide med lokale plan- og forvaltingsprosessar, identifiserar viktige konfliktområde og søkjer å finne forsvarlege løysingar i dialog med både offentleg forvalting og lokalsamfunn.
Me utarbeidar planar i samband med forvaltning av verneområde og andre område med natur- og/eller kulturverdiar, og finn oss sjølve ofte som eit viktig ledd mellom forvaltingsinstansar og lokalsamfunn. Forvaltings- og skjøtselsplanar er verkemiddel ein har for å oppnå ei nyansert og teneleg forvalting av natur- og kulturarv. Prosjekta kan variere frå nasjonale verdiar til område og objekt som kan framhevast som verdifulle i lokal samanheng.
I tillegg til å arbeide med konkrete planar, deltek me og i større prosessar kring vern og forvalting.

Sinjarheim, Aurlandsdalen.
