Formidling
Vi arbeider med formidling av natur- og kulturverdiar etter prinsippa frå det engelske fagområdet Heritage Interpretation. Vi har valt å kalle dette for stadformidling. Ein grunn til å nytte oss til hjelp med di formidling er at du ønskjer å betre folk si oppleving av din stad.
Planlegging, identifisering av målgrupper og deira behov, tema for formidling og måtar å formidle bodskapen på gjennom ulike media, er det fagfeltet i sum handlar om. Gjennom slike arbeidsprosessar ønskjer vi å fremje levande formidling av natur og kultur, som kan bidra til rike besøksopplevingar.
Vi utarbeider strategiar og planar for formidling for offentlege og private aktørar og administrerar i dag Nettverk for stadformidling (www.stadformidling.no). I fleire av våre prosjekt samarbeider vi med James Carter, med lang fartstid innan Heritage Interpretation i Storbritannia (www.jamescarter.cc).
