Arealplanlegging
Arealplanlegging føregår på fleire nivå frå overordna kommuneplanar til reguleringsplanar for avgrensa eigedommar eller bygder. Arealplanar set sterke føringar for folks moglegheiter til nærings- og utbyggingstiltak.
Det er difor viktig med god kommunikasjon og medverknad gjennom opne møte og prosessar mellom alle involverte partar. Ved større arealplanar har vi gjerne gjennomført stads analyser i forkant før konkrete tiltak vert vurdert og nedfelt i juridisk bindande arealplanar.
Aurland Naturverkstad har fokus på ei heilskapleg arealplanlegging, kor det vert teke omsyn til heilskapen i natur og kultur, landskapsoppleving og biologisk mangfald.

Illustrasjonsplan for Tusenårsstaden på Rygg. Aurland.
