Våre tenester

Aurland Naturverkstad er ei fleirfagleg bedrift med kompetanse innan arealplanlegging, landskapsforvalting, biologi, geografi, kulturminne, samfunnsfag/bygdeutvikling og landskapsarkitektur. Me tek i hovudsak oppdrag innanfor natur, miljø og landskap, på oppdrag frå forvaltings-styremakter og private oppdragsgjevarar.

Ved å kombinere kreativitet og teknisk ferdigheit med fagkunnskap om natur, miljø, landskap og planfag, gjev det oss eit unikt høve til å setje prosjekt inn i ei heilskapleg ramme. Me utfører prosjekt på alle nivå, frå kompleks kartlegging på region- og fylkesnivå til skjøtselsplanar og detaljprosjektering. På denne måten søkjer me å gje dei beste resultata til bruk i forvalting av natur og landskap.

Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no