Aktuelt

Aurland Naturverkstad representerar Norge i nordisk vandreutstilling om landskapsarkitektur

Publisert 25/08/2010

Utstillinga MANmadeENVIRONMENT er ei stormønstring om ny nordisk landskapsarkitektur 23.September -21.November

MANmadeENVIRONMENT er eit samarbeid mellom Dansk Arkitektur Center (DAC) og Norsk Form, med bidrag frå dei andre nordiske landa: Sverige, Finland og Island. Utstillinga opnar som hovudutstilling under Oslo Arkitekturtriennale 2010 i Oslo 23. september 2010 (med vernissage kl. 19.00) og vert deretter vist i København, før dei andre nordiske landa står for tur i 2011.

Fem norske prosjekt er plukka ut til å representere Norge, og her kan du lese begrunnelsen for at Aurland Naturverkstad og landskapsparkar er med:

“Landskapsparkene er et informasjons- og kompetansenettverk for etablerte og nye parkprosjekt. Fokus ligger på det arbeidet Aurland Naturverkstad har gjort for å etablere dette, samt det arbeidet de har utført innenfor rammen av nettverket og i tilknytning til relevante prosjekter.

 Prosjektet er et godt eksempel på initiativ, tiltak og prosess som utforsker nye måter å utnytte landskapsressurser på, med utgangspunkt i situasjonen i dagens bygde-Norge:

I dagens samfunn alt mer sentralisert. Alt ettersom verden blir mer urban og vår identitet og våre handlinger utspiller seg på det globale markedet øker behovet for det lokale og nære. I Norge opplever man dette gjennom økende turisme til natur og kulturlandskapet noe som gir verdiskaping for norske bygder og regioner.

Aurland Naturverksteds prosjekt jobber med nettopp disse nye utfordringene og mulighetene i det rurale landskapet. Gjennom sine prosjekter så som Regionalparkene, skapes en felles plattform som har som mål å støtte lokal verdiskaping, jobbe for en integrert landskaps- og naturforvaltning, kompetanseutvikling, stadsidentitet og formidling av landskapet.  Arbeidet aktivere lokalsamfunnet for en felles sak og bygger på partnerskap mellom lokalsamfunn, styresmakter og næringsliv. Disse ofte lokale prosjektene ser man effekter av både regionalt og nasjonalt og forbi.

Prosjektene belyser svært viktige problemstillinger og gjennom sitt tverrfaglige arbeid skaper de en plattform der det kontinuerlig utvikles metoder og verktøy for å legge premisser og føringer til rette for utvikling og disponering av naturressurser av det norske bygdelandskapet. Prosjektene viser hvordan landskapsarkitekter på en bærekraftig måte kan bidra med offensive initiativ for bygdesamfunn som sliter med utfordringer så som fraflytting, svak næringsutvikling, konflikter rundt naturvern og ivaretaking av natur og kulturarv og hvordan kan vi jobbe for bærekraftig og lønnsom forvalting av natur- og kulturarv både lokalt og regionalt.  

Med sine prosjekter er Aurland Naturverksted et godt eksempel på landskapsarkitektur i den store skalaen som ofte ikke blir lagt merke til, men er desto viktigere får vår felles natur og kulturarv og ikke minst videre utvikling, planlegging og forvaltning av disse områdene. De viser gjennom sine illustrative og flotte prosjekt hvilke metoder landskapsarkitekten kan bruke i slike utfordringer og hvordan vi som faggruppe kan vi styre og være pro aktive i slike prosesser. Aurland Naturverksted utgår fra kunnskapen om landskapet som så  knyttes opp mot potensial for verdiskaping og lokale utviklingsstrateger og skaper bærekraftige bygder og bevissthet og lokale resurser.”

Les meir om utstillinga på Norsk Form sine sider her og sjå programmet for utstillinga her på Oslo Arkitektur Triennale



Utvikling av Nasjonalt referansesystem for landskap

Publisert 24/08/2010

På oppdrag for Miljøverndepartementet har Aurland Naturverkstad i samarbeid med SWECO sett i gang arbeidet med eit forprosjekt med formål å konkretisere korleis Nasjonalt referansesystem for landskap kan vidareutviklast til å bli eit målretta verkty og ei referanseramme for landskapsplanlegging og forvaltning.

Eit auka behov for deltaljert informasjon om landskapsdata til bruk både i lokal og regional forvaltning ligg til grunn for at arbeidet er igangsett.

Forprosjektet skal kome med tilrådningar om vidareutvikling av metodikk og strategi for landskapskartlegging, i tillegg til utvikling av ein modell for systematisering og formidling av landskapsdata.



Landskapskartlegging på fylkesatlas.no

Publisert 4/06/2010

Sogn og Fjordane fylkeskommune har publisert alle kartdata frå landskapskartlegginga av kysten i Sogn og Fjordane på nett, fylkesatlas.no.

Landskap er no oppretta som eige tema, med kartlag bygd opp etter Nasjonalt referansesystem for landskap (Norsk institutt for skog og landsskap. 2005)  Landskapsregionar, underregionar, landskapstypar og landskapsområde er presentert i enkeltståande kartlag. I tillegg ligg kartlag på landskapsområdeverdi og regionalverdi. Detaljdata som stadnavn, kommunar, datakvalitet og landskapskarakter,  er underliggande informasjon, knytt til kvart enkelt landskapsområde. Alle data kan lesast i html dokument eller lastast ned som shape filer eller excel filer. 

Data på landskapstypar, landskapsområde og landskapsverdi er utarbeidd av Aurland Naturverkstad i samband med fylkesdelplan for vindkraft i Sogn og Fjordane.

For fyrste gong er ei landskapskartlegging publisert i ein kartportal på nett. Landskapsdata kan knytast direkte med annan arealinformasjon som til dømes INON, berggrunn, lausmassar og kulturlandskap og lokal data som kommunale arealplanar. Slik kan ein på ein god og enkel måte få synleggjort viktige samanhengar og relasjonar mellom landskap og areal.

Sjå www.fylkesatlas.no



Parknettverksmøte i Telemark 2. og 3. juni

Publisert 19/04/2010

Nettverket for lokale og regionale natur- og kulturparkar avheld det fyrste av to årlege møter på Norsjø Hotell i Telemark 2. og 3. juni.

Aurland Naturverkstad har rolla som sekreteriat i parknettverket og vil gje ein introduksjon til  park og parkarbeid. Det blir også ein presentasjon av Telemarkskanalen Regionalpark prosjekt, i tillegg til eit rikt program med ulike fagtema.

For program og påmelding, gå til www.telemark.no . Finn invitasjonar nedst på høgre side og meld deg på arrangementet elektronisk.



Seminar om vindkraft og miljø i Sogndal

Publisert 9/04/2010

Aurland Naturverkstad deltok på seminar om vindmøller og landskap i regi av Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Relevant på seminaret var fagrapporten “Landskapskartlegging i Sogn og Fjordane” utarbeidd av Aurland Naturverkstad. Hent rapporten og les meir om prosjektet her



Ny rapport: Landskapsanalyse. Framgangsmåte for vurdering av landskapskarakter og landskapsverdi

Publisert 5/03/2010

Miljøverndirektoratet har gjennom Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning starta arbeidet med å utarbeide veiledarar for handtering av landskapstemaet i kommuneplanlegging og i konsekvensutredning av vindkraftutbygging.

Som ein del av dette arbeidet har Aurland Naturverkstad produsert og gitt form til grunnlagsrapporten Landskapsanalyse. Framgangsmåte for vurdering av landskapskarakter og landskapsverdi. Du kan lese meir på Riksantikvaren si side her.



Aurland Naturverkstad utvidar staben

Publisert 2/03/2010

Hanne LykkjaFrå 01. mars er Landskapsgeograf Hanne Lykkja frå Valdres på plass i Aurland Naturverkstad. 

Hanne er utdanna ressursgeograf og landskapsøkolog frå UiO, i tillegg har ho studert ved Høgskulen i Telemark og ved Universitetet i Bern (Sveits). Ho er allsidig og har hatt fokus på landskapsverdiar både i samband med  prosessarbeid for bygde- og småsamfunnsutvikling, utvikling av bærekraftige reisemål og gjennom problemstillingar knytt til verneprosessar. Hanne har vore involvert i utviklinga av referansesystemet for landskap som metode ved NIJOS, no Skog og Landskap. Ho har vore med på storskala kartleggingar, m.a. i Lofoten og Vesterålen har arbeidd både med landskapskartlegging, skogtaksering og som prosjektleiar i utviklingsprosjekt, ho har også vore kommunalt tilsett som miljøfagleg ansvarleg.  CV Hanne Lykkja

Hanne vil dele arbeidstida si mellom kontoret på Fjordsenteret i Aurland og Aurland Naturverkstad sitt kontor i Valdres Næringshage.



Sjunkhatten nasjonalpark i Nordland

Publisert 17/02/2010

Den 33. nasjonalparken på fastlandet i Norge vart oppretta 05. februar 2010. Sjunkhatten Nasjonalpark ligg i kommunane Bodø, Fauske og Sørfold. Les pressemelding frå Miljøverndepartementet her.

I samband med utarbeiding av verneplan for dette området, har Aurland Naturverkstad gjort ei kartlegging av landskapet, på oppdrag for Fylkesmannen i Nordland. Landskapsanalysen vart gjort i 2005 og rapporten er tilgjengeleg her. Rapport Sjunkan – Misten 06.09.05



Tusenårsstaden på Rygg

Publisert 5/02/2010

Planen vart utarbeidd i 2006 på oppdrag for Aurland Kommune, etter initativ frå Rygg og Bakkane Velforening. Mange av tiltaka som vart føreslegne er gjennomført, og Tusenårsstaden er no eit populært og mykje brukt friområde. Planen kan du sjå her: Tusenårsstaden Rygg



Parkplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark

Publisert 3/02/2010

Aurland Naturverkstad har på oppdrag for Nærøyfjorden Verdsarvpark utarbeidd ein langsiktig strategi-  og handlingsplan for Verdsarvparken som femnar om kommunane Aurland, Vik, Lærdal og Voss.  Parkplan Nærøyfjorden Verdsarvpark



Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no