Utvikling av Nasjonalt referansesystem for landskap

Publisert 24/08/2010

På oppdrag for Miljøverndepartementet har Aurland Naturverkstad i samarbeid med SWECO sett i gang arbeidet med eit forprosjekt med formål å konkretisere korleis Nasjonalt referansesystem for landskap kan vidareutviklast til å bli eit målretta verkty og ei referanseramme for landskapsplanlegging og forvaltning.

Eit auka behov for deltaljert informasjon om landskapsdata til bruk både i lokal og regional forvaltning ligg til grunn for at arbeidet er igangsett.

Forprosjektet skal kome med tilrådningar om vidareutvikling av metodikk og strategi for landskapskartlegging, i tillegg til utvikling av ein modell for systematisering og formidling av landskapsdata.

Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no