Landskapsressursanalyse Telemarkskanalen
Publisert 5/05/2010Kva: Landskapsressursanalyse
Kvar: Telemarkskanalen
Oppdragsgjevar: Telemarksforskning
Når: 2009
Kanalkommunane Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden og Skien skal etablere Telemarkskanalen og landskapet som kanalen er ein del av, som regionalpark
Gjennom Telemarksforsking har Aurland Naturverkstad bidrege med synspunkt på korleis ein på på best mogleg måte kan få fram kunnskap om samanheng, utforming, innhald og verdi i landskapet, og korleis dette kan leggjast til grunn for vurdere ressursar i høve til verdiskapingspotensialet som kanallandskapet representerar.
I tillegg til det fysiske landskapet med sine naturelement, kulturminne, busetning og arealbruk, har folk sine relasjonar til landskapet avgjerande betydning for det å kunne etablere og utvikle eit verdiskapende innhald i ein regionalpark. Det er difor særs viktig å ha fokus på relasjonane mellom befolkninga og landskapet. Gode relasjonar, gjennom nærleik, tilgjenge og aktiv medverknad i forvaltning og utvikling av landskapet er med å etablere identitet og tilhøyre, lokalt og regionalt. Det gjeld både fastbuende i dei enkelte lokalsamfunn, turistar, hyttefolk og andre besøkande.
Gjennomføringa av landskapsressursanalysen i samband med utviklinga av regionalpark, har i stor grad vore integrert i ein mobiliserings- og medverknadsprosess som har gjeve grunnlaget for å forankre utviklingsmål og strategiar i det einskilde lokalsamfunn og i regionalparken som heilskap.
Sjå også parknytt her

