Sekretariat for villreinnemndene

Publisert 28/04/2010

Prosjetkfakta

Kva: Sekretariatsoppdrag

På oppdrag for: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Når: 2008-

Dei statlege villreinnemndene ivaretek det offentelege forvaltningsansvaret for villreinbestandane innanfor nærare fasette villreinområde. Villreinnemndene sitt arbeid omfattar ansvar for å forvalte bestanden i medhald til viltlova og tilhøyrande forskrifter, og arbeid med å ta vare på villreinen sine leveområde i høve til arealplanlegging, næringsutvikling og anna menneskeleg påverknad og aktivitet.

Aurland Naturverkstad er sekretariat både for Villreinnemnda i Sogn og Fjordane, og for Villreinnemnda for Nordfjella og Fjellheimen.

Oppgåvene til sekretariatet er å førebu saker til behandling i nemnda, og å leggje til rette for møteverksemd, samt fylgje opp saker og ansvarsområde. Oppdraget inneber eit nært samarbeid med Fylkesmannen, med Norsk Villreinsenter, med dei ulike villreinutvala og med andre som vert berørde av forvaltninga av villreinbestanden og leveområda deira.

Tagged as: ,
Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no