Parkplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark
Publisert 27/04/2010Kva: Strategiplan
Kvar: Nærøyfjorden Verdsarvpark område
Oppdragsgjevar: Nærøyfjorden Verdsarvpark
Når: 2009
Rapport: Knagenhjelm T.K., Bøthun, S.W.og Bjørnstad, K. 2009. Arbeidsutkast til Parkplan for Nærøyfjorden Verdsarvpark. Strategi for verdiskaping basert på berekraftig forvaltning. Aurland Naturverkstad AS. Rapport 6- 2009
Parkplanen er ein langsiktig strategi og handlingsplan som skal fungere som styringsdokument for Nærøyfjorden Verdsarvpark. Verdsarvparken femnar om og inkluderar verdsarvkommunane Aurland, Vik, Lærdal og Voss.
Arbeidet med parkplanen har vore delt inn i to faser. Fase ein romma utarbeiding av eit utkast som vart sendt ut til ope gjennomsyn og innspel sommaren 2009. Arbeidsmøte i bygdene og eit påfylgjande arbeidsmøte vart gjennomført i avslutninga av innspelsfasen.
Fase to av arbeidet har vore eit fagleg arbeid der innspela vart evaluert og innarbeidd i planen.
Den ferdige planen er vedteken av styret i Verdsarvparken som ei dynamisk fyrsteutgåve. Etter ei toårig periode skal planen rullerast og deretter innarbeidast i det kommunale plansystemet, t.d. som felles kommunedelplan for dei fire verdsarvkommunane.

