Hordaland- Landskapskartlegging

Publisert 1/03/2010

Landskapstyper i HordalandProsjektfakta:
På oppdrag for: Hordaland fylkeskommune.
Kva: Landkskapskartlegging
Kvar: Hordaland fylke
Når: 2007-2009
Rapport: Uttakleiv, Lars A. 2009. Landskapskartlegging av Hordaland fylke. Landskapstypeklassifisering av innland. Aurland Naturverkstad. Rapport 02-2009
ISBN: 978-82-8199-005-0
Ossete UlvikKlokkaraneHandalandsdalen Kvinnherad

I 2004 gjennomførde Norsk institutt for Skog og landskap, landskapskartlegging av kyst og fjordstroka i Hordaland. Her vart det klassifisert 272 landskapsområde (LO) og 18 landskapstypar (LT), fordelt på dei 4 kyst og fjord regionane i fylket.

Aurland Naturverkstad AS, har på oppdrag fra Hordaland fylkeskommune, vorte engasjert til å vidareføre kartlegginga med full dekning av innland som ikkje grensar mot kyst- og fjordlinja. Fjellområde underlagt vern er ikkje kartlagt (landskapsvernområder og nasjonalpark). Prosjektet starta juni 2007. Feltarbeid vart fordelt over to sesongar, der store deler av fylket vart synfart, sommaren 2007 og 2008. Feltarbeidet vart supplert med flysynfaring hausten 2008.

Resultatet har identifisert og klassifisert 710 landskapsområde fordelt på 26 unike landskapstypar. Saman med kyst og fjordkartlegginga frå 2004, har Hordaland som første fylke i Norge full dekning på fordeling av landskapstypar og stedsfesta informasjon om alle landskapsområde.

Kunnskap om landskap og landskapet sitt innhald og eigenskapar, har dei siste åra fått ei auka merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom Den europeiske landskapskonvensjonen, som trådte i kraft i 2004. Som landskapskonvensjonen og framhevar, er landskapet ein felles samfunnsarena som det knyter seg betydelig verdi til. Det er og eit viktig ressursgrunnlag for kunnskap, og verdiskaping og det dannar grunnlag for både kulturell og personleg identitet. Ikkje minst spelar ”kvardagslandskapet”, der folk bur og leve ei vesentleg rolle for trivsel og livskvalitet.

Auka arealpress gjennom endringar i nærings- og busetningsmønster, strukturendringar i landbruket, storskala infrastrukturtiltak og utbygging av energianlegg, skjer med ulik kraft og konsekvens i Hordaland fylke, som i landet elles. Gjengroing og forfall av tradisjonelle brukslandskap går føre seg i akselererende tempo. Konsekvensane av endringsprosessane kan være vanskeleg å forutsjå og halde oversikt med. Små og storskala endringar, på tvers av administrative grenser, kan over tid, endre sentrale regionale karaktertrekk i eit landskap.  For å imøtekome desse utfordringane kreves riktig forvaltning, basert på systematisk kunnskap om landskapet si oppbygning og samanheng. Hordaland fylkeskommune har gjennom denne fylkesdekkjande landskapskartlegginga, etablert eit viktig, strategisk kunnskapsgrunnlag om fylkets landskap.

Materialet som her ligg føre vil inngå som del av kunnskapsgrunnlaget til bruk i arealplanlegging og saksbehandling på kommune- og fylkesnivå. Det vil og være ein viktig reiskap i konsekvensvurdering av ulike typar inngrep og tiltak.  Ein vesentlig nytteverdi av kartlegginga er at det for fyrste gang i Noreg er mulig å analysere landskap i ein større regional samanheng, og gjere detaljerte vurderingar på kommune- og lokalsamfunnsnivå, støtta opp av eit landskapsfaglig data- og kunnskapsgrunnlag.

Tagged as:
Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no