landskap – plan – prosess

Aurland Naturverkstad er ei fleirfagleg bedrift med kompetanse innan arealplanlegging, landskapsforvalting, biologi, geografi, kulturminne, samfunnsfag/bygdeutvikling og landskapsarkitektur. Me tek i hovudsak oppdrag innanfor natur, miljø og landskap, på oppdrag frå forvaltings-styremakter og private oppdragsgjevarar.

Ved å kombinere kreativitet og teknisk ferdigheit med fagkunnskap om natur, miljø, landskap og planfag, gjev det oss eit unikt høve til å setje prosjekt inn i ei heilskapleg ramme. Me utfører prosjekt på alle nivå, frå kompleks kartlegging på region- og fylkesnivå til skjøtselsplanar og detaljprosjektering. På denne måten søkjer me å gje dei beste resultata til bruk i forvalting av natur og landskap.

Aktuelle prosjekter

Landskapsressursanalyse Telemarkskanalen

05/05/2010 •

Kanalkommunane Tokke, Kviteseid, Nome, Sauherad, Notodden og Skien skal etablere Telemarkskanalen og landskapet som kanalen er ein del av, som regionalpark

Les meir...
Sekretariat for villreinnemndene

28/04/2010 •

Dei statlege villreinnemndene ivaretek det offentelege forvaltningsansvaret for villreinbestandane innanfor nærare fasette villreinområde

Les meir...
Stadanalyse for grenda Bakka i Nærøyfjorden

16/03/2010 •

Stadanalysen er utarbeidd på oppdrag for Aurland kommune, som eit grunnlag til reguleringsplan for området som for tida er under handsaming. Dei særskilde kvalitetane til grenda Bakka med omsyn til natur, landskap, historie og busetnad vert synleggjort gjennom analysen

Les meir...
Metode landskapsanalyse

10/03/2010 •

Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Riksantikvaren (RA) har på oppdrag fra Miljøverndepartementet (MD) utarbeidet en framgangsmåte for landskapsanalyse til bruk i kommunal planlegging og konsekvensutredninger

Les meir...
Aurland Naturverkstad - Postboks 27, 5741 Aurland - Tlf 57 63 36 29 / 90 55 12 75 - Epost post@naturverkstad.no